torsdag 6. juni 2013

Snart ny sesong

Da er det berre vel ein månad til setersesongen startar. Vi flyttar på setra ca 10. juli. Buskapen blir i år fem kyr, ei kvige og to kalvar. Dei er for tida på treningsleir i bakkane heime, slik at dei skal vera spreke til sesongen. Nytt av året er at Turid og Steinar har vore til Valdres og fått tak i ein liten geitekillingflokk. Killingane skal òg vera med på setra, etterkvart skal dei bli mjølkeprodusentar, dei går førebels mest på stas, men kjem sikkert til å gjera ein god del ugagn i sommar.